Om å vere ein beskuar..

på trikken
på gata
i butikken
i sofaen
i benkeradene
i armkroken
på sykkelen
i klasserommet
på internett
i kyrkja
foran tven
på tur
heime


På trikken på veg til pianotime satt eg og tenkte: " alle desse menneska på trikken som skal ut på eventyr i dag, dei sit og ser ut or vindauget,prøver å ikkje sjå nokon inn i augene, vedlikehalde trikkenormene. Kva tid blei eg som dei? Eg ser dei inn i augene i dag tenkjer eg:)"

Ut på eventyr ja, me reiser alle med trikken til nokon me er glad i, for å handle noko fint, for å gjere noko me gruer oss til, eller berre heim. Men så er det slik at me sitter på trikken saman, reiser saman, nokon skal av før andre, nokon har med seg dei vakraste babyane ein kan tenka seg med afro-hår med små fargerike strikkar i som minner deg om Botswana-babyane. Nokon er kjekke, andre er vakre, nokon er vise, nokon er redde, nokon tørr ikkje å smila, men har så veldig lyst og gjer det allikevel slik at det ser litt skummelt ut om du møter blikket deiras. Og så er me alle på same trikken, på veg.

Dei dagane når eg har vore heime heile dagen lang og sett på eventyrfilm og spist vårrullar og drukke kakao og skal møte ein pianolerar som er eit fantastisk flott menneske som får deg til å tenke at du kan klare alt du vil i heile verda. Då ser eg dei. Dei på trikken.

Kommentarer

Legg inn en kommentar

Populære innlegg