Tårer

Når eg er trøyt, når eg har feber, når eg ser på extreme makeover- home edition, når eg les ei trist/gripande bok, når ting har samla seg opp og eg endeleg slepp taket på dei, når eg ser ein trist film ein sjeldan gong(likar ikkje triste filmar), når eg er overvelda/glad, når eg saknar Vetlebror, somme gonger når eg ber og når eg er frustrert kjem dei. Tårene.
Tumblr_kzfdzd3rs31qb7p0uo1_400_large

Dei piplar opp frå magen og presser seg forbi klumpen i halsen heilt til dei klarer å komme seg ut or augekroken. Om eg knip augo aldri så hardt igjen så klarar dei alltid å snike seg ut. Augo, the mirror of the soul liksom. Spegl eller ikkje, trur eg ikkje at nokon likar å grine eigentleg. Når folk/eg grin seier dei kanskje "off nå griner eg her då, huff og huff" og tørker dråpane raskt vekk. Men kva er eigentleg gale med desse tårene som mystisk dansar ut or augekroken? Sjølv blir eg flau, eller redd for at sminken skal renne, eller kjenner at det er ubehageleg at følelsane blir så tydlege og synlege. Det betyr ikkje noko om dei som ser meg grina er mine beste vener eller neraste familie, det kjennes så sårbart. Og det er det vel og, er det ikkje? Men på ein måte så er det fint også.
Hwlreegvjqcihoco2fmdcqrso1_500_large
Ein gong fortalte ei jente meg om faren sitt sjølvmord, eg satt der stiv som ein stokk og sa trøstandes ord inn i ein situasjon som eg aldri verda kan førestille meg smerta i. Men etter ho hadde gått, satt eg meg ner og spelte alle følelsane ut på pianoet, og då kom dei, alle tårene. Eg følte at eg grein for heile verda på ein gong. Ikkje berre ho, men for alle som har mista ein far. Og for alle som ikkje orkar å grine. Og eg var ikkje redd for tårene, det var fint å føle på verklegheita i ein slik situasjon. Og å dele ei sorg som ikkje var mi. Så poenget er at følelsar er vakre. Det er godt å la seg røre. Uansett kor flaut og ubehageleg det er så grin alle ein gong i blandt, det er vel like naturleg som alle andre reaksjonar på ting.

To spørsmål!
1:Finnes det nokon dyr som griner?(dette lurer eg seriøst på! Viss du veit, fortell?pliiis:)

Edit! Dette vart eg så nysgjerrig på at måtte berre google det! Kom over ein artikkel som sa at de fleste dyr har tårekanalar som gjer det mogleg, men få er følelsesmessige slik som oss(det visste me jo..) minus elefanten som er observert grinande når flokkmedlemmer døyr, eller forsvinn.. sååå..nytt spm:
TRUR DU ELEFANTAR HAR FØLELSAR!?

2:Kva får deg til å grine? (Hallo alle griner vel av extreme makeover? ..eller er eg aleine?)

Kommentarer

  1. Nr 1: Det veit eg ikkje!!! Har rett og slett ikkje peiling. Det er jo noko som heiter "Krokodilletårer". Kanskje grin dei?

    Nr 2: Eg kan grina av alt: filmar, bøker, program på fjernsynet der mennesker finn tilbake slekta si, å sjå andre lukkelege, å bli glad, sjå andre vinna og bli ekstremt glade for det, osv. Sånn ca alt...:)

    Svar til Maria: Me skal skriva meir om cøliaki ein annan gong, men eg kan forklara det heilt enkelt. Cøliaki er ein allerig der du ikkje tolat gluten. Gluten finn du i mange typar mjøl. Om du et gluten blir tarmtottane i tynntarmen øydelagte. Også kan du kan få vondt i magen, kaste opp, vondt i hovudet osv. Var det eit greit svar? Om du vil vita meir kan du sjå her: http://www.ncf.no/contentpg.aspx?zone=2&MenuNode=633734595261588753

    Og takk for at du tykkjer prikkane er fine:)

    Helsing Kristine:)

    SvarSlett
  2. Vakert skrevet, virkelig!

    Nr 1: Hunder sipper jo da. Hm, de har vel kanskje det! :D

    Nr 2: Jeg gråter nærmest aldri, og når jeg gråter gråter jeg sikkelig lenge og bare får ut MASSE. Forrige gang jeg gråt var før jul. MEN jeg gråter hvis noen slår meg, da. Eller hvis noen er veldig slemme, uansett egentlig.

    SvarSlett
  3. ENDELIG! Når eg har sagt at eg grine av Extreme Makeover så ler bare alle av meg. endelig fant eg et normalt menneske med følelser! :D

    Hilsen @Anna Underbakke Lien som savne @verdens herligste Maria

    SvarSlett
  4. oi. dette var en fin tekst.

    1. jeg tror elefanter har følelser. tror ikke duuu?

    2. jeg griner av ting som er rare. og av filmen i et speil, i en gåte. og når jeg er lei av ting.

    /fredrikke

    SvarSlett
  5. 2. jeg gråter seriøst av alt. men spesielt av designerspirene.

    SvarSlett
  6. Sv. tusen takk, så koselig! :-D

    Tror faktisk ikke dyr gråter.

    Jeg er veldig lettrørt, og du er nok ikke eneste som gråter en skvett til extreme makeover. Men min verste grineserie må nok være greys anatomy. Nesten ikke en episode uten at jeg i det minste er på gråten. Spesielt hvis episoden inneholder barn som mister noen/dør.

    SvarSlett
  7. //Så gøy! Det var skikkelig bra!!

    SvarSlett
  8. Elsket det bildet! Flotte ord <3

    SvarSlett
  9. 1. ja! det er bevist mener jeg bestemt, så det på tv. hehe
    2. hva som helst. alt. gråter ganske ofte

    tusen takk for kommentar. skikkelig fin tekst

    SvarSlett
  10. Du skriver fantastisk:)

    Jeg tror elefanter og de fleste andre dyr har følelser, selvom de ikke gråter. Hunden min trøster meg når jeg er trist, blir lei seg når han får kjeft og er glad når vi rundt han sprer positiv energi. Han smiler til og med! Men han gråter aldri da.

    Jeg gråter når jeg ikke får sove om natta, da er jeg nemlig så trøtt at alt jeg er litt lei meg for hoper seg opp. Og jeg gråter når jeg er sliten.

    SvarSlett
  11. extreme home makeovers får meg til å grine hver gang! TAKK anna og maria!! La oss ha en homemakeovermaraton!!! ellers så er det få filmer som får meg til å grine.
    hjemlengsel får meg til å grine av og til.. og marialengsel;)

    glaideg!

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg