Boksnakk: Det tapte symbol




Eg må berre sei dette: Eg har ein forkjærleik for Dan Brown. Etter at eg no har lese Det Tapte Symbol, så har eg lese alle bøkene han har gitt ut, og eg gler meg berre til neste gong eg får fordjupe meg i mystikken og spenninga i bøkene hans. Det er noko med blandinga av dei grensesprengande spekulasjonane, kunsten og symbolbruken, dei kunsthistoriske referansane og at han alltid setter heile verda på spel i handlingane sine. Det får meg til å sitte på kanten av stolen gjenom heile boka.

Det Tapte Symbol er den tredje boka om Professor Robert Langdon, og på same måte som i DaVinci Koden og Engler Og Demoner blir professoren tilfeldigvis dratt inn i spenning, mystikk, gåter og symboler som han så vidt klarer å løyse. Her er det frimurarlosjen som er kilden til mystikken, og Robert sin gode ven sitt liv som står på spel. Spenning, gåter og hjernetrim satt til side så er det ikkje derfor eg blir fenga av bøkene hans, sjølvom alt det spelar ei stor rolle for om boka har framdrift i seg. Dan Brown stiller alltid spørsmål som er til dei grader utfordrande for tankegangen min.

I Da Vinci Koden er det den kristne tradisjonen og trua som han utfordrer, samt historiske oppfattningar om Jesus som ein aldri før har satt spørsmål til. Til provokasjon og oppvekking av sinne hos kristne miljø og monge kristne enkeltpersonar verda rundt. Kall meg gjerne rar, men eg elskar slikt. Som kristen er det kanskje rart at eg er så glad i provokasjonar, men eg elskar når nokon utfordara min tankengang, og mi tru. (Eg får ei slik " bring it on suckers, my faith can handle everything you bring!"-kjensle i meg.) I Engler og Demoner stilles det spørsmål angåande verdas opprinnelse, og masseøydleggings våpen truar den katolske kyrkja og val av ny pave.

I Det Tapte Symbol stilles ALT på prøve; kva er sanning? Er vitenskap meir verdt en tru/åndelegheit? Kvifor er dei eldste religiøse mytene og den eldste vitenskapen så like? Er det molgleg å bevise at Gud finnes? Kva potensiale har eigentleg menneskehjerna? Kan det bevises at sjela/ånden er ein fysisk del av mennesket?
Eg elskar desse spørsmåla! Eg sitter å frydar meg over kvar side med filosofering og kryssreferansar mellom religion og vitenskap som dukker opp. Sjølvom det er fiksjon og underhalding, så er det veldig ekte tankar og aktuelle spørsmål!


Lat meg sitera eit avsnitt:
"Sannheten", sa Solomon, henvendt til hele salen," Sannheten har makt. Og hvis vi alle beveger oss i retning av tanker som ligner hverandre, gjør vi det kanskje fordi disse tankene er sanne, nedfelt dypt inni oss. Når vi hører sannheten føler vi-selvom vi ikke forstår den- at den gir gjenklang i oss...Vibrerer i takt med vår ubevisste visdom. Kanskje sannheten ikke er noe vi lærer, men snarere noe vi frenkaller på nytt, husker igjen, gjenkjenner...Som det som allerede befinner seg inni oss."


Eg anbafaler boka for alle som likar filosofi, kunsthistorie, religion og mystikk. Berre å skrive om den gjer at eg vil lese den på ny!

Kommentarer

  1. åh. jeg likte headeren din. tror ikke jeg har sett den før.

    og ja, det liker jeg og med bloggen din :D

    si ifra om du kommer på noe uttrykk :D hih.

    /fredrikke

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg