Blogging om blogging
Oi.. Eg veit ikkje heilt kva som skjer!? 18 ukjente mennesker følger meg jo på bloglovin. Ikkje sånn kjempemange seier du kanskje. Men JO det er jo ein heil skokk! Det er like mange som me var i nynorskklassen på barneskulen jo. Og halvparten av dykk kom etter eg tenkte, "kanskje eg skal blogga litt meir?". Way to pay off liksom! Takk for at dykk gidd å følga med på alt som eg kjem på å legga ut her på veven, enten om det er tull og tøys eller ordentlige og fine tankar. Eg har verkeleg tro på blogging som medium, og kosar meg masse masse med å bli betre kjent med både folk som les og skriv bloggar. Syns det er ganske stort at kven som helst kan publisera tankane sine, det er så spennande!(eg har svær/giga interesse for korleis folk uttrykkar seg, så eg blir heilt gira no, berre så du veit det liksom) Men som alt anna må bloggstemma brukast med visdom. Men uansett! Eg gidd ikkje å blogga meir om blogging, for det synes eg egentlig er veldig kjedelig. Så dette er første og siste sjansen din til å seie i fra om det er noko du lurar på, om du vil at eg skal slutte med randomnes eller begynne med moteblogg (haha, då ler eg av deg!neida, joda, neidaaa)
Fyr laus.
...Viss du vil då. Du kan vera stille og, eg likar deg uansett altså..
eg syns du ska blogga om det du sjøl vil blogga om ;)
SvarSlett/ tuuuuusen takk, hehe nå blei eg ubeskrivelig glad ;)
Elske at du blogge om det som falle deg inn :) Jørr at eg veldig ofte bare bler glad og må smila når eg lese bloggen din! :)
SvarSlett@Anette: hjarta på deg!
SvarSlett@Milla: Hjarta på deg og, hihi
Jeg er jo en av dem da, og jeg er jo litt sånn halvkjent i det minste, selv om det er via blogg! :D
SvarSlettJa, det er sant Sigrid. Eg kjenner nok nokre av dei:p
SvarSlettveit du Maria, AKKURAT det laga eg fyrste eksemplar av i går! :D Når eg ikkje fann perfekte hårspenner kjøpte eg med meg lenke i staden. Om eitt par dagar kan du få sjå resultatet, eg skal berre sjå om det er mogleg å forbetre og liknande, og teste det litt ut (:
SvarSlett