Dag 11: Eit Vendepunkt I Livet

Dette er eit innlegg frå The Drawing Challenge, som eg kjører på den kreative bloggen min. Kva er det? Finn det ut her


Vendepunkt for meg er som hjarteslaga; Eg legg ikkje merke til dei. Men eg veit at eg klarar meg ikkje utan.

Tenker du ofte på kva som er forskjellige vendepunkt i di historie? Viss nokon skulle skriva Boka Om Deg, korleis ville spenningskurva vera?(den som me alle lærte i norsken på ungdomsskulen, veit du!)  Då eg såg dette punktet på utfordringa, hadde eg lyst til å hoppe over det! For det vart så lite konkret for meg. Eg har ingen dato der eg "såg ljoset", eller "blei eit betre menneske". Eller ein dag der eg vart slått ned på gata, som gjorde at eg la om heile livet mitt, fordi det gjekk opp for meg kor sårbart livet er. Nei, eg er ein veldig seig person. Forandringar må innarbeidas og tenkas på lenge før eg gradvis tilegnar meg noko. Så vendepunkta i mitt liv er veldig subtile, eg klarar ikkje heilt å setja fingeren på dei. Men eg veit at dei er der, for utan vendepunkt/reaksjonar på livet. Så trur eg ikkje nokon klarar å leva det. Det er spennande å finna ut kva som har forma ein til den personen ein er i dag. Bevisst eller ubevisst.

For meg trur eg dei viktigaste punkta som har forma meg på godt å vondt, er i tilfeldig rekkefølge:

-Å tru på Jesus
-Å bli storesyster
-Å ha hatt hjartesorg
-Å driva med musikk, skapa noko og vera kreativ
-Å sjå meir av verda, fattigdom og urett
-Å bli psykisk sjuk
-Å oppleva å bli elska av vener og familie


Kva ville du svart/tegna?

Kommentarer

  1. Aaaah, love this!! Det er så sant så sant det du skriver!
    Det er mange jeg kjenner som har det som deg, som ikke har noen sånn "da jeg så lyset" opplevelse, og det er absolutt ikke nødvendig! Selv hadde jeg en slik opplevelse, men det var ikke da ting nødvendigvis begynte å forandre seg. Det skjedde ikke før noen måneder seinere, på Hillcrest! (den kristne skolen i USA). Så det var der jeg forandret meg, det var der jeg utviklet troen min, som har formet mine tanker, meninger, verdier, oppfatninger og alt som er. Ellers har vonde og gode opplevelser og erfaringer med venner formet meg mye. Samme som du sier om musikk, så har skriving også formet meg, I guess.
    :)
    Du er god!

    SvarSlett
  2. For et nydelig bloggdesign du har :)

    SV: Takk for det :) Kanskje du vil være med også :) ?

    SvarSlett
  3. Av og til tror jeg og det er slik at vendepunkt skjer, noe som forandrer alt og man merker det ikke selv før etter ei stund. For meg har jeg selv hatt noen vendepunkt som er såppass store at de forandret alt, som da jeg flytta til england, livet mitt hadde virkelig vært annerledes hadde jeg ikke gjort det. Jeg hadde for eksempel aldri møtt min kjære, noe som igjen forandret absolutt alt for meg, for godt.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg