Soundtracks



Du gjer meg sint. Får meg til å grine, rørar meg meir enn noko anna. Gjer meg frustrert og rastlaus. Også gledestårer då, plutselig smilar eg alt eg har. Det er rart. Du byggar deg opp i meg, og lagar surr som stenger for tankane. Du kriblar i fingrane mine, og snurrar i hovudet mitt heile dagen. Også kjem du fram gjennom halsen eller fingrane, tilslutt.

Det gjer meg så glad å kunna bruka tid på deg. Men du brukar meg opp. Du plagar meg ikkje, men allikevel så plagar du meg meir enn noko anna. Dei som ikkje kjennar til det, trur eg er gal.

Det er meir enn eg klarar å uttrykka..
Men du får fram det verste i meg, slik at eg blir skremt av mine eigne ord. Men du får meg og til å skine klarare enn eg trudde var mogleg. Livet hadde vore kjedelig utan deg. 

Eg brukar meir tid på deg enn på noko anna, og blir aldri lei. Det er ein evig romanse mellom meg og musikken.

Bigbang, eg elskar deg.
Gitarmannen på hjørnet, eg elskar deg.
Sangar som klimprar på Youtube, eg elskar deg.
Barnekor, eg elskar deg.
Mamma som spelar piano om natta, eg elskar deg.
Foto: Malin Tangen09

Kommentarer

  1. Takk for fin (!) kommentar på bloggen min, gøy at du ville være med på give awayen!

    Håper du får en fin søndag :)

    SvarSlett
  2. Likte kommentaren som du vant med i konkuransen til livingdoll! den skildte seg liksom ut blant så mange smiskekommentarer at jeg bare måtte glise når jeg leste vinnerkommentaren din! :D Ha en fin dag!

    SvarSlett
  3. Herlig!

    Jeg føler ordet begynner å bli litt oppbrukt nå, men altså, du er vel bare herlig da. Rett og slett!

    SvarSlett
  4. Haha, dette var fantastisk!

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg