Cover

(finnes det eit godt norsk ord for cover eigentleg?)


Fyrst må eg berre sei takk for dei fine kommentarane på innlegget to hakk ned! Eg er rørt over å lesa så monge gode ord. Og synes det er trist at monge kjenner seg igjen i ting som ikkje er godt å gå å kjenna på. Eg veit at det hjelp på dei tankane å setta seg ned å bruka tid på noko som du likar. (anbefalast;)
I det siste har eg berre kost meg og spelt sangar eg likar. Cover-låtar som det heiter. Eg har vorte litt skeptisk til å covre mykje før. Og har aller helst vilja spele mine eigne sangar, når eg først sko bruka krefter på det.. Men no kosar eg meg berre med det, og blir ikkje sliten av det, slik som før! Det har liksom blitt litt meir avslapping for meg. Og det er jo bra:)


Kva tenker dykk om det?
Meir eigne låtar, eller er cover kjekt for dykk og?


Pumped up kicks, Cover/Foster The people (kvaliteten er ikkje den beste, dette opptaket var jo berre for gøy, hehe)


(Psst:Sjekk ut Foster The People= fin popmusikk ♥)

Kommentarer

  1. Jeg liker de egne, men cover er kos også! Jeg er egentlig fornøyd uansett :D

    SvarSlett
  2. Eg lige at du kose deg m det! Og eg lige alt, så lenge d e du så synge og spele!

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg