Andre ting

Livet er fult av andre ting. Ting som tek oppmerksomheita frå slike ting. Slike ting og andre ting er begge saker ein vil.
Andre ting er det som er kjekkast. Men kanskje minst konstruktivt. Slike ting er det som alltid kjem, rekningar, møter, avtalar, skjema.

Andre ting er anleis. Andre ting er overraskande kyss, sjokolade i posten, Ein joggetur som løyser alle spenningar i kroppen, ei bok du ikkje klarar å legge vekk, samtalar som du ikkje vil skal ende.

Å senke skuldra, å ta imot andre ting med åpne armar.

Det er det eg driv med for tida.

Slikt blir det mykje latter av, lite blogging, men åh, så mykje latter.

Kommentarer

  1. Beautiful photos! And I also like the headline of your blog. So beautiful colours!

    SvarSlett
  2. Eg e så glad i bloggen din Maria :) Den får meg te å smile!

    SvarSlett
  3. Sommeren er definitivt en tid for andre ting! Jeg kjenner det er veldig deilig at ikke alt må dokumenteres - øyeblikkene blir heller ikke mindre verdifulle av den grunn!

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg