An artists struggle
Eg såg denne dokumentaren om buktalaren Nina Conti på nrk : buktalerens-beste-venn
Også vart eg så rørt! Ho avslørte tilogmed trikset for å røre eit publikum, men eg beit på alikevel.
Det var ein fin og kunstarisk film
Det som greip meg var kampen ho hadde for å tru på sitt eige talent, sin eigen kunstform. Sjølv om ho har opptrådd på store scenar, (royal Albert Hall, i ettertid, og BBC) så tvilte ho på om det ho hadde å tilby var godt nok. Eg trur at dei fleste som driv med kunst/underhaldning/skapar noko kjenner seg igjen i dette. Ein treng at nokon står utanfor hovudet og bekreftar at det ein kan er OK, og bra. Ein treng konstant å vite om det er bra nok til å leva stabilt om ein vil satsa. Om det kjem til å vera bra i framtida. Og om det er verdt strevet.
I ein av dei monge samtalane buktalaren har med segsjølv, kjem det fram at ho vil, men er redd for all jobben som høyrer med å vera så god som ho er. Å stadig skapa noko nytt, og underholdande er sikkert litt av ei press å ha på seg. Men ho bestemmer seg for at det er verdt det.
Fin. Anbefalar! :)
Søk Nina Conti opp på Youtube og, eg lo!
Kommentarer
Legg inn en kommentar