6 tips til deg som vil redda verda

1: Bestem deg.
Ein kan ikkje hjelpe alle, men alle kan hjelpe nokon! Bestem deg for kor mykje du har lyst til å gi til nokon som treng det. Også gir du då. Eg har fadderbarn i Redd Barna også gir eit lite fast beløp til Leger uten Grenser, det passar for meg og min økonomi akkurat no. Eg må holde megsjølv i nakken for å ikkje melde meg på alt som finnes. Men eg tenkar at organisasjonar treng faste giverar, sjøl om det ikkje er så store beløp det er snakk om! Det er jo betre at eg kan gje fast,over lengre tid,  en at eg plutseleg ikkje har råd til å gje noko!

2: Lær!
Då eg gjekk på ungdomsskulen sa læraren vår til oss at Coca Cola hadde etablert ein fabrikk på landsbygda i India. I utgangspunktet var det bra for bygda, fordi det gav folk arbeidsplassar. Men det folka ikkje visste, var at selskapet brukte grunnvatnet til å produsere brusen og mineralvatnet sitt. Tilslutt var alle brønnene i området tørragte og øydelagte. Pga av masseproduksjonen og forurensing måtte alle i området kjøpe vatnet sitt frå nettopp, Coca Cola. Kjøp brus frå lokalprodusentar. Det støttar lokale norske bryggeri, og ikkje slike megakonsern som tråkkar på småfolket omkring i verda.
Ein skal ikkje tåle så inderleg vel, den urett som ikkje rammer ein sjølv. -Arnulf Øverland

Vit kor pengene dine går.Det er lov å spørre! Enten om det er klede, mat eller gjenstandar. Lar du pengene dine gå inn i bedriftar som ikkje tar humanitære hensyn, er meldinga klar. Det er ok for meg. 





3: Ver skeptisk til media, men bruk sosiale media
I t.d Amerika er media ein einvegskanal. Dei siste dagane har eg fulgt #ferguson på twitter og tumblr. Det er hjartekunsade. Fredelige protestantar blir arresterte, slått, trua med våpen og spraya med pepparspray i Usa, av den enkle grunn: dei vil har ein rettsak for mordet på Michael Brown, begått av ein politimann. Dette er ei sak som blir aktivt ignorert av media, og er i mine auger rasisme/klasseskilje i praksis.  Media har makt over liv og daud i monge andre sakar. Leger Uten Grenser hadde ein mediakampanje i fjor om "dei glemte tragediene". Der tok dei opp monge humanitære kriser rundt om i verda, som me i Noreg ikkje hadde høyrt som ein gong. Folk lider, kunnskap, mediadekning og hjelp kan redda liv. Me som har sosiale media i eigne hender. Me har ein stemme som kan brukast!



4:Gje noko kvar dag
Ok, denne høyrest litt korny ut, men la gå! Om du ikkje kan gje til tiggerar, heimlause eller menneske som åpenlyst ber om hjelp, gje dei vertfall eit smil! Eg har alltid ein femtilapp liggande i lommeboka for å kjøpa Asfalt (tilsvarande, =Oslo) Det lærte eg av papps. Har også høyrt monge gode idear om å gje, utan å nødvendigvis gje pengar. Står det nokon og tiggar utanfor ein butikk, spander ein brus. Treff du ein på skulevegen kvar dag, lag ein ekstra matpakke ein dag. Kjennar du igjen ein heimlaus/trengande, og legg merke til at han/ho f.eks har hullete bukser/hanskar/sokkar. Ta med deg eit par. Det er ikkje alltid lett å gje pengar til folk som tiggar, det finst mykje splitta meiningar omkring saka. Men me kan jo alltids gje noko!



5: Gje tid
I tidsklemma, som me alle visstnok er i, er eg sikker på at dei fleste kan ta seg eg tid til å hjelpe nokon. Her, som med pernger, gjeld det å bestemme seg for noko. Ein gong i månaden, anna kvar veke? Hugs at du ikkje kan gjera alt! Men ein kan hjelpe mykje, litt om gongen! Frivillighetssentralen, Rødekors, besøksven, Kirken Sos/Telefonvakt, Frelsesarmeen, Kirkens bymisjon er alle organisasjonar som arrangerar diverse aktivitetar som ein kan vera med på som frivillig. Kva er du god på? Å lytte, trøste, spele fotball, male, synge, lære? Nokon treng det!


6: Sei meir Ja! (Og Nei)
Slutt med "kanskje" og "ein annan dag"! Om ein seier, eller tenkar kanskje, så legg du det i tenkeboksen. Tenkeboksen tar faktisk mykje tid og krefter den! Berre sei ja eller nei! Om ein skal ha overskot til å hjelpe andre, må ein ha overskot til seg sjølv først! Kjenn etter om du har meir penger å gje vekk, om du  har overskot og tid til å vera med på alt. Ver stødig, og sett tydelege grenser for kva du ønskar å gjera! Men samtidig, ikkje ver redd for å prøva noko nytt! Ta tida til å kjenne etter, og ver ærleg:

 Gje meg sinnsro til å godta dei tinga eg ikkje kan forandra, mot til å forandra dei tinga eg kan, og visdom til å vita forskjellen.- Reinhold Niebuhr

Lykke til med å redde verda då! We`re in this together! 
In Other words: 6 Tips for those who wants to save the world: 1: Just decide on how much money you can give and set up a monthly deal. It is better to give a little each month, than to give too much once! 2: Learn: Where do your money go? Into companies like Coca Cola that does not take humanitarian considerations in third world countries? If you pay them, its is just like saying "its ok".You must not endure so very well, the injustice that does not affect yourself (Arnulf Øverland) 3: Be skeptic to the media, but use social media! The media is not a neutral part in our world, but yet so important for spreading knowledge and aid to human tragedies all over the world! How can we help those we don`t even know of? We have a voice, social media, use it! 4: Give something every day. Be it a smile, a bottle of soda or an extra pair of gloves to the homeless beggar you always pass. 5: Give our time. Volunteer at a local humanitarian organisation. Once a month, twice a month, or when you have time. It will reward itself! 6:Say yes or no! Not maybe. Those maybes become more work than anything. No one can help everyone, but everyone can help someone!  
Good luck saving the world! We`re in this together! 


Kommentarer

  1. Viktig poeng det med cola, altså.. Det er vel forsåvidt ganske mange slike "giganter" som det er best å holde seg unna... Jeg synes ikke nr. 4 var dum i det hele tatt! Det er f.eks. ikke så fristende å gi penger om man mistenker det går til å finansisere narkotika-bruk...

    Skikkelig fint innlegg, altså!

    SvarSlett
  2. Veldig fin liste dette her! Jeg er helt fullstendig enig med deg at ingen kan være en verdenshelt og gjøre alt, men om man velger noen organisasjoner eller saker man støtter så er det veldig bra. Jeg er på utkikk etter hvordan jeg kan hjelpe disse fæle klesfabrikkene i Asia. For det er en vanskelig sak og som kommer inn i mediene hele tiden, men som sakte siler jeg ut igjen. Men jeg leter fortsatt, og synes det hun bloggeren har gjort er fantastisk bra. Ellers har jeg en veldig stor familie i Polen som ikke har det så bra, så vi har alltid sendt dem klær og div ting. Er så hyggelig å se hvor mye slike små ting hjelper.

    SvarSlett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg