Balls

Heeeeeei Bloggeeeen! Eg berre tok meg ein lang haust/vinterferie! Var rett og slett litt ,veldig SAD (seasonal affective disorderd) sånn haust-deprimert, melankolsk og sjeleleg mørkredd veit du. Men eg tenkte å sparka ballen ned bakken, rulla snøballen, grab life by the balls igjen med eit nyttårsinnlegg, slik som eg vanlegvis pleier å skriva.

1: Bloggen har i år vært mykje rutiner, litt sånn krampeaktige innlegg for å ikkje heilt mista skrive-gnisten. Eg har bestemt meg for å ikkje gjera det meir. Ikkje meir lister, utfordringar eller mandagsinnlegg. Kvifor? Fordi det spiser opp sjela mi jo! Kva skal eg erstatta det med då? Vel. Eg skal faktisk prøva å SKRIVA noko her inne! kanskje personleg, kanskje berre oppspinn, men eg laga meg dette internettrommet for å vera kreativ, eg har mista det litt i år. Eg vil veldig gjerne prøva å gjenoppliva den delen av meg sjølv som ligg langt nedi avgrunnen å stønnar om å få sova eit år til.
Det skal eg gjera utan rutinerte innlegg eller pliktige tilrettelagte skriveri om slike obligatoriske ting som været og daglige gjeremål. Eg skal heller prøva å by meir på meg sjølv. Gidda litt meir, rett å slett!

2: Eg har lyst til laga youtubevideoar både på norsk og engelsk, så det skal eg prøva meg, litt ivrigare på. Vil veldig gjerne ha forslag om kva dei kan inneholde! Vil dykk koma med forslag? Eg ber på mine kne! (eg lovar, eg gjer det, akkurat no altså!! er litt støl..)

3: Om det er eit prosjekt eg skal begi meg ut på, så er det å gje meir faen i kva folk tenker om meg. Eg går liksom omkring og trur at eg gjer det, men eigentleg så gjer eg ikkje det, sånn inderst inne. Så eg skal bli meir uredd for kva andre syns om meg, prøva å utfordra megsjøl meir! out of the comfort zone asap!



(Av mangel på passande illustrasjonsbilete benytter eg som vanleg sjansen til å legga ut eit bilete av meg sjølv på internett, versågod! )

Allright! enkelt å greit så kan eg seie at mine nyttårstankar som vanleg, ikkje er så nyskapande.. Skal jo liksom berre prøva å bli eit litt meir ekte menneske. Sånn som alle andre og antagelegvis tenker på denne tida av året! Så, klar ferdig.. gje faen! 

Kommentarer

  1. Jeg vil jo gjerne ha mer musikk-videoer jeg da, jeg er jo veldig glad i å høre deg synge. Et annet tips er kanskje bare å lage samme type videoer som du ser på, for..de må jo være interessante?

    Å gi mer faen er definitivt et verdig nyttårsforsett!

    Tusen takk for at du har fulgt med på reisen min forresten! Det har virkelig vært et eventyr :D Og takk for kortet jeg fikk av deg! Jeg ble veldig glad, men hadde det litt hektisk før jeg dro, så jeg trooor jeg ikke jeg har fått takka ordentlig for det :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Åh Sigrid! du er den beste blogg-kommentatoren ever <3 Værsågodt for kortet!

      Slett

Legg inn en kommentar

Populære innlegg